Kaninbyen er skriven av forfattaren Arild Rein. Han kjem frå Stavanger og boka hans blei boka folk ville at heile Stavanger skulle lese i kulturhovudstadsåret. Den er ein av bøkene i Stavangertrilogien som er “kaninbyen”, “Hundedagane” og “grisekoret”.
Boka er bra gjennomført, som vil seie at forfattaren har gjort boka spesiell og med godt grunnlag. Banninga til hovudpersonen Jonny er det som blir lagt mest hovudvekt på i denne boka, men dette er ein av Rein sine verkemiddel. Personen Jonny er ein slik person som banner mykje og som ein småkjeltring som han er, verkar dette logisk. Noko av det som kan få Jonny til å banne så mykje kan vere at han er ein tidlegare politimann, som har var gjennom masse forferdelege ting. Han er ikkje berre ein mann som banner utruleg masse, gjennom boka får ein kjensla av fordommane hans mot alle menneskar. Jonny gir alle personar fordommar om korleis dei er, berre fordi dei ikkje opnar seg opp. Det er her det meste av banninga hender.
Rein forklarer den indre samfunnsutviklinga i Stavanger frå syna hans, eller her i Jonnys syn. Her får forfattaren fram dei dystre tinga ikkje alle legg merkje til, som hallikaktivitet, småkriminalitet og til slutt på toppen av kransekaka kjem menneskehandel. Det er dette som får boka til å bli mykje meir interessant. Når vi har slikt innhald i boka, så passar språket perfekt.
Hovudpersonen Jonny er svært kritisk til det meste i verda, men spesielt Stavanger. Han er klart kritisk til korleis folka har blitt påverka av olja og pengar mellom hendene. Dette føler han har påverka menneska til å bli meir innelukka, og ikkje så opne som dei har vore tidlegare. Derfor er han open for å flytte til eit anna land, for helst å få nye impulsar, med vennlege, hyggelege og opne personar.
Boka heiter kaninbyen fordi Stavanger befolkninga er forbundet med kaninar. Det er heilt tilbake til Alexander Kjelland si tid, og kaninar er forbundet med forplanting og luksuslivet. Det kan ha mange samanhengar med å leve innesperra og utan interesse for andre. Kaninane kjem fram i byen med å elske og leve av olja. Hovudpersonen forklarer dette med å gå imot og snakke drit om menneska i byen. Han fortel også om at kaninar elskar fort og ofte, som han så ofte nemner i boka.
Boka held ein fin raud tråd gjennom heile boka, frå starten til slutt. Den får lesaren til å ville finne ut meir om personane i handlinga, slik at boka blir meir interessant. Hovudbodskapen til Arild Rein kjem godt fram i personbruken og skildringane hans. Det er skildringane hans gjennom heile historia som får boka til å bli utruleg bra. “Varmen slo imot meg som ei tung havbølgje fylt med brennmaneter” (Rein 2004, s 118.) Dette er eit flott eksempel ifrå boka og Reins skildringar. Først verka det som boka berre skulle innehalde tull og vas, men den blei berre betre og betre. Den siste vendinga i slutten gjorde prikken over i'ein.
Image: 'Nose Kiss'
http://www.flickr.com/photos/26614168@N00/3664382839

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar